Välkommen

 Presentation

 Publicerat

 Föredrag

 Beställningar

 Litteraturtips

 Kontakta

 Länkar

Versting – eller død

Publisert 17.07.2001


Han gjekk beint på alle som var i venterommet, øydela inventar, tissa over alt på toalettet. Spørsmålet er: kan hyperaktive, kontaktlause og aggressive barn ha utbyte av å gå mange år i psykoterapi?

Ja! seier terapeuten Elisabeth Cleve.

Og ho har lang erfaring å byggje svaret på. Ho brukar Douglas, som var sju år da han kom til Ericastiftelsen i Stockholm der ho arbeider, som eksempel:

Han vart adoptert som fireåring, og adoptivforeldra frykta at han ville bli ein versting som skadde andre, eller døy ein brå død. Han kunne gå rett ut i gata utan å sjå seg for.

Sparka henne

Barn som dette - det er flest gutar blant dei – har vanskar med å vite kva dei kan, kva dei er gode til. Elisabeth Cleve legg stor vekt på å merke seg noko dei er dyktige til, og spør alltid om dei er klar over det. Det er dei aldri.

Når ho bestemde seg for at det kunne nytte med langvarig psykoterapi for ein gut som virka så forstyrra som Douglas, såg ho etter teikn på at han søkte kontakt med menneske og ikkje berre var ein einast stor skrekk.

– Eit teikn var faktisk at Douglas sparka meg på skinneleggen. Dermed viste han i alle fall at han såg kvar eg var i rommet.

Som terapeut er det viktig å vurdere om det er mogleg for barnet å gå bort frå den måten å oppføre seg på som tidlegare har hjulpe dei til å overleva: vera ustyrlege, rane til seg ting, gå til åtak, stengje av syn og hørsel.
Til å byrje med trudde adoptivforeldra at Douglas høyrde dårleg, det gjorde han ikkje. Men det hadde vore mykje han ikkje ynskte høyre i den ekstreme barndomen han hadde fram til han var fire.

– Mora var ei ung muslimsk jente frå Afrika som hadde fødd mange barn, dei fleste døydde. Da Douglas vart fødd, budde ho i Frankrike. Ho var prostituert, og guten kom på ein barneheim da han var eitt og eit halvt år. Men det var ein institusjon med små ressursar og lite kunnskap.

Elisabeth Cleve seier det var ikkje lett å like Douglas, det gjekk både eitt og to år før det vart litt fred i terapirommet, der han var to gonger i veka i sju år.

I boka om Douglas, ”Fra kaos til sammenheng”(Egmont Hjemmets Bokforlag 2001), ynskte ho å vise kva som skjer bak dei stengde dørene til terapirommet. Ho vil gjerne avmystifisere psykoterapien av barn.

Gjekk hardt for seg

Det finst fire grunnleggjande reglar i terapi av barn. Ingen og ingenting får skadast: ikkje barnet, ikkje terapeuten, ikkje lokalet, ikkje ting i rommet.

– Men han skadde meg to gonger, og dei hendingane var ikkje berre negative. Dei hjelpte han til å forstå at han måtte halde seg til dei reglane eg sette opp.

Douglas har ein sterk sjanse til ikkje å ende opp bak murar. Mange som sit i fengsel har forstyrringar av det slaget han hadde. Psykoterapien var ein viktig bit av den innsatsen som hindrar det, saman med spesialundervising og foreldre som strevar alt dei kan. Også dei har gått til samtaler to gonger i veka i sju år. Ved Ericastiftelsen i Stockholm er det fast opplegg at foreldra får støtte. Dei diskuterer eigne bekymringar med ein annan terapeut, og foreldra til Douglas har sagt at om dei ikkje hadde hatt den støtten, er det svært sannsynleg at familien ville blitt oppløyst.

Varsemd med diagnoser

Cleve meiner at diagnosen ADHD, som står for hyperaktivitetssyndrom med oppmerksomhetsforstyrrelse, i mange tilfelle gjer at hjelpeapparatet ikkje vurderer psykoterapi som relevant. Tilpassa det enkelte barns behov meiner ho langvarig terapi kan bety ein stor skilnad i livet til enkelte barn og hjelpe dei til å utvikle seg i riktig retning.

Barna ho behandlar har gjerne ein kombinasjon av biologiske og psykiske skader.

Ho får støtte av professor i spesialpedagogikk ved universitetet i Oslo, Monica Dalen, som seier at pendelen har ein tendens til å svinge for langt ut: enten skal alt skje som fellestiltak, eller så er det berre individretta terapi som duger. Også Dalen understrekar at dei mest kaotiske barna treng langvarig, individuell terapi i tillegg til spesialinnsats frå barnehage og skole. Nokon må nå inn til dei, for ofte har ingen betydd noko for dei i livet.

Dalen har forska på utanlandsadopterte barn, og seier at det går svært bra med mange, og at ein terapeut som Elisabeth Cleve gjev håp om at det nyttar også med sterkt skadde barn, dersom hjelpa blir sett inn tidleg.

I Sverige seier enkelte ekspertar at så mange som eitt av ti barn har åtferdsforstyrringar av alvorleg karakter. Sjølv meiner Cleve dette er å overdrive. Ein kan ikkje forvente det same av alle barn i ei aldersgruppe,men sjå dei langs ein glideskala – mange ungar treng ekstra tid.

Men at det er så stor etterspurnad etter diagnoser har si årsak: Det blir lettare å få økonomisk hjelp frå skole og kommune. Men i Sverige er det nå blitt så mange med diagnose at det er ikkje lett lenger.

Det kan vera rett at barn med store vanskar får ein diagnose. Men foreldre og terapeuter må også tenkje på framtida og kva ein diagnose kan medføre når barnet blir vaksent – med tanke på forsikringar, førarkort, og mange andre ting.

”Ingen seger utan våran neger”

Da Douglas som fjortenåring slutta i terapien, var han ein hyggeleg gut som likte å rappe. Han hadde framleis problem med dysleksi, og framleis eit stykke å gå. Men likevel – det var som natt og dag. Som åtteåring var han ein propell utan styring, og fekk ikkje lov til å vera med på fotballaget. Han forstyrra for dei andre og forstod ikkje reglane. Fjorten år gamal var han ein velvaksen ankarmann på basketlaget, og etter ein stor cup song lagkameratane: "Ingen seger utan våran neger!"

Du spør kanskje: men er ikkje kostnadene ved psykoterapi formidable? Dersom ein samanliknar dei med kva det vil koste å ha eit barn eller ein vaksen på institusjon eller i fengsel, blir det blåbær. Cleves reknestykke viser at terapien for både Douglas og foreldra gjennom sju år kostar det same som for eit barn på psykiatrisk sjukehus i ein og ein halv månad.

Av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 18. juli 2001 


Fra kaos til sammenheng.

Egmont Hjemmets Bokforlag A/S
Oversetter Lene Stokseth

ISBN 82-590-2477-2

BESTÄLL

 

RECENSIONER

Fra kaos til sammenheng.

Monica Dalen

Astrid Brekken

Therese Høeg Jacobsen